Livet’s kennel
Livet’s kennel
Om oss
Eg fekk den første hunden min i 1986. Det var Newfoundlandstispa Racoon's Donna Summers, Yatzy i det daglege. Ho hadde to kvalpekull. Deretter kom Cairn Terrieren Amasonelands My Fair Lady. Trass, som eg kalla ho, fekk eitt kull. I 1996 fekk eg min første Pumi; Bagarsjön's Jarda. Ho var ein Pumi med energi til tusen. I 1998 fekk ho eit kvalpekull. Dette var Noregs første Pumikull. I 2000 fekk eg min andre Pumi; Bagarsjön's Rutan av Nina, eller Rask som eg kallar ho. Rask er ei roleg og fin Pumitispe. Ho har eit særs godt gemytt og er blid og glad. Ei fin tispe på alle vis. I november 2002 vart ho Nuch (Norsk utstillingschampion).
Livet's kennel vart registrert i mars 2003.
Om pumi
Pumi oppstod i Ungarn på 1700- og 1800-talet. Rasen er kryssa mellom Puli og tyske og franske gjetarhundar som hadde spisse øyrer.
I heimlandet er rasen i hovudsak brukt som gjetar- og vakthund. Pumi er ein hund full av energi. Han tek gjerne på seg oppgåver som slett ikkje er meint for han, om ein ikkje er vaken medan han er kvalp og set grenser. Han er ein utmerkt vakthund som varslar når noko skjer. Men han er òg ein fin familiehund som bind se veldig til eigaren sin, men som like fullt er glad i heile familien.
Som den kvikke og energiske rasen Pumi er, lærer han fort, både på godt og vondt. Til lydigheit og agility er han ein utmerkt hund. Passe storleik frå 38 til 46 cm og ei vekt på 8 til 15 kg. Pelsen er krølla og røyter ikkje, men må klippast.
Fargar: Svart, grå, krem, kvit og faco.
Pumi er ikkje noko vanleg syn i Noreg enno. Den første kom til Askim i 1990. Det var Bagarsjön's Carita, ei kvit tispe. Etter kvart har det auka ein del, men framleis er det eksotisk å ha ein Pumi i Noreg.